torsdag, januar 12, 2006

Bergen - Colombo - Nairobi - Kapoeta

Ein lang juleferie går mot slutten; det har vore godt å bruka lang tid på nesten ingenting. Nett no brukar eg tida på å omstilla meg mentalt til Sudan. Samstundes er det vanskeleg å sleppa Sri Lanka slik som situasjonen utviklar seg der, det ser ut som om det berre er eit spørsmål om tid før full krig bryt ut. Eg får urovekkjande meldingar frå nervøse kollegaer og vener i Trincomalee og eg vonar med heile meg at dei må få sleppa meir krig.

Men reint praktisk så pakkar me oss no ut av Blåsenborg for denne gong. På laurdag tek me flyet til Colombo, der eg skal utarbeida ein plan for kontoret sitt external relations arbeid, før turen går vidare til Nairobi rundt 1 februar. Etter ei kort innføring i Nairobi reknar eg med å vera i Kapoeta etter ei lita veke eller så. Deretter blir det fullt køyr til mai, då viktigare hendingar dreg meg heim til Noreg!

I Colombo skal eg oppdatera vaksinane mine, i tilfelle nokre av dei er utdaterte. Dette er lista over sjukdomane eg må/bør ha vaksine mot: gul feber, difteri, meningitt, polio, rabies, tetanus, tyfoid, hepatitt A & B, japansk encyfalitt. Malaria profylakse er eit anna must. Eg vonar eg ikkje får bruk for noko av dette!

Ingen kommentarer: