torsdag, januar 26, 2006
Saa snakkar me saman igjen...
Erik har vore her, og har klart aa faa regjeringa og tigrane til aa verta samde om aa moetast igjen for aa diskutera vaapenkvile og fred. Det er bra, og her i Colombo er stemninga relativt god (i den grad folk flest bryr seg). Paa grasrota i Trinco og andre stader i nordaust ventar folk for aa sjaa om situasjonen betrar seg, at det blir slutt paa drap og trakassering. Det byrja ikkje bra, like etter at Erik hadde annonsert dei gode nyhenda, vart ein tamil skoten og drept i Trincomalee. Han er ein av elleve drept berre dei siste fire dagane! Sist veke var det 25....Resultatet av faenskapet dei siste vekene har faatt meir enn 3500 familiar til aa reisa fra heimane sine. Saa spoers det om folk trur paa betre tider og byrjar reisa heimatt. Tida vil visa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar