fredag, mai 13, 2005
Norsk territorium
Nei, det er ikkje den norske delegasjonen som har lagt under seg land på aust-Sri Lanka i pausane mellom fredsforhandlingane. Men det er faktisk ei øy som heiter Norskeøya. like sør for Trincomalee, utanfor Sampoor. Bak namnet er det ei historie om norske landmålarar som ein gong for lenge sidan var på oppdrag i dette området, og som budde ei tid på denne øya. Trur eg. I går var eg i Eachchilampattai, og kollegaen min peikte og sa "der er norskeøya". Tsunamien var ikkje snill med dette området, som de kan sjå av dei sundbrotne palmane i sjøkanten. "Kor høg var bølgja?" spurde me ein mann som budde i nærleiken. "Trur de eg hadde tid til å sjå etter slikt", sa mannen, "eg hadde nok med å springa min vei".
søndag, mai 08, 2005
Norsk leverpostei
Me har fått nyss om at eit parti med norsk leverpostei fins i Trincomalee, og har ei lita von om å få tak i nokre boksar ein av dei fyrste dagane.
Leverposteien skal visstnok ha kome hit med norske hjelpearbeidarar. Mens folk her ikkje har problem med å forstå kva importert mjølkepulver er (ku avbilda på pakken), hermetisert fisk (fisk på boksen), er det vanskeleg å akseptera leverposteien frå Stabburet, som har bilete av eit lyslugga barn.
Til glede for to hardingar som ikkje har noko imot curry og ris, men som set stor pris på brød med leverpostei til frukost!
Leverposteien skal visstnok ha kome hit med norske hjelpearbeidarar. Mens folk her ikkje har problem med å forstå kva importert mjølkepulver er (ku avbilda på pakken), hermetisert fisk (fisk på boksen), er det vanskeleg å akseptera leverposteien frå Stabburet, som har bilete av eit lyslugga barn.
Til glede for to hardingar som ikkje har noko imot curry og ris, men som set stor pris på brød med leverpostei til frukost!
onsdag, mai 04, 2005
Telt. Eller byråkrati i arbeid
Sist laurdag fekk me telt! 200 store, gode familietelt! Dei me har venta på i tre, snart fire månader! Lankesisk byråkrati i praksis, - tre gonger har me fått dei klarerte frå tollen, berre for å oppleva at styesmaktene har endra tollreglane, hanka telta innatt og fortald oss at me må starta på nytt. Men no er dei her, på lager i Trinco, fire månader etter tsunamien...
søndag, mai 01, 2005
1 mai
1975 var eg student, leiar i målungdomen, rein og raud, og held 1 mai tale på Voss. På veg til toget om morgonen såg eg plakatar over heile byen som fortalde at USA var jaga ut av Saigon, og eg måtte skriva om talen min på toget til Voss. På Voss regna det sidelengs, det var bikkjekaldt, og det var eit under at folk i det heile orka å bli verande for å høyra på, slik veret var. Ein som blei verande, må ha vore ein politimann i sivil. Han skreiv seinare rapport, og fortalde at xx, kjend poet og bibliotekar på Voss i den tida, hadde lokka folk med gratis middag etter toget. Rapportøren visste kvar eg budde, kva eg studerte, kor mange som gjekk i toget, kor mange som høyrde talen min, og kor mange som tok mot tilbodet frå poeten om gratis middag. Dette har eg lest i mappa mi, som eg fekk tilsend for tre veker sidan då eg var heime i Noreg. Men han skreiv ikkje at poeten serverte fiskesup og kjempegode heimelaga karve-rundstykke. Han var nok ikkje invitert.
