torsdag, november 16, 2006

Naar vegen forsvinn...

Regnet er ikkje berre ubehageleg naar ein jobbar i telt, endaa verre er det naar ein skal heim fraa arbeid. Slik var vegen paa veg fraa moete i Lokichoggio i gaar:


Denne karen ville visa at han var sterkare enn vaar Landcruiser. Det var han. Han kasta av seg alle klede, og vassa att og fram to gonger. Men me kom oss ogsaa over til sist!



Fire elver maatte me kryssa paa vegen heim. Dette var den tredje, her hadde folk venta i meir enn seks timar foer det var mogeleg aa koma seg over.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg ser at hverken veistandard eller toposamote har endret seg mye de siste 20 åra.

brita sa...

Dette er den nye highwayen fraa den kenyanske grensa til Juba, bygd av tyske GTZ i fjor! Tysk kvalitet?

Toposamoten er som foer, iallefall i landsbyane. Ved hoegtidsame hendingar kombinert med ei dressjakke paa overkroppen (og absolutt ingenting elles)!

brita sa...

Apropos Toposamote (toposadress = aa vera naken): Ein kollega fortalde om ei dame fraa ein systerorganisasjon som var i ein av landsbyane i Kapoeta og held kurs om AIDS/HIV. Ho raadde mennene til aa bruka kondom for aa verna seg mot smitte, og ved slutten av fyrste kursdag delte ho ut gratis kondom til alle. Neste dag kom alle mennene til kurset i toposadress, ifoert kondom....