onsdag, mai 12, 2004
Vitjing i Thampalagamam
I ettermiddag vitja eg Thampalagamam, ein av dei elleve divisjonane i Trincomalee distrikt. Divisjonssekretaren hadde moete med Grama Sevakas, som er dei lokale representantane for styresmaktene i kvar landsby. Temaet var pengehjelpa som alle har rett paa om dei vender heim etter aa ha vore fordrivne paa grunn av konflikten i Sri Lanka. Kvar familie faar 25,000 rupi, som er ca 2000 kroner. Pengane skal hjelpa dei med ei kriseloysing for husproblema dei fleste (alle) har. Problemet er berre at hjelpa kjem saa altfor seint! Mange av dei som no staar for tur til aa faa utdelt pengane her i Trincomalee, vende heim for meir enn eit aar sidan. Litt vel seint for aa byggja ei lita hytte for aa hjelpa seg den fyrste perioden etter heimvendinga! Eit av problema er at byraakratiet her er nesten umogeleg aa trengja gjennom; ei riktig hengjemyr. Tre ulike moete maa gjennomfoerast fraa den fyrste registreringa av folk, til NECORD, organisajonen som skal fordela pengane, kan starta sin prosess. Om NECORD har pengar paa bok, daa - det er avhengig av Verdsbanken og andre store gjevarar!
1 kommentar:
Og kva gjorde saa du i dette moetet?
Legg inn en kommentar